TOO-tilbudet i Hordaland – Fylkestannlegen informerer

Fylkestannlegen er kjent med at det er reist mange spørsmål om TOO-tilbodet i Hordaland, og vurderer at det av den grunn er behov for å informera om tilbodet slik det er organisert i dag.

Tannhelsetilbod til torturofre, overgrepsofre og personar med odontofobi (TOO) vart etablert av Helsedirektoratet i 2011 som eit prøveprosjekt. Det er Helsedirektoratet som leiar dette prosjektet og det skal evaluerast i 2019.

TOO-tilbodet i Hordaland – og i alle fylker – er gradvis bygd opp og utvikla sidan 2011. Som i dei fleste prøveprosjekt har det skjedd endringar underveis i organisering og fagleg innhald. Den siste endringa var at Helse og omsorgsdepartementet frå 01.01.2018 vedtok presiseringar i HELFO-refusjon til denne pasientgruppa i og med at innslagspunkt 14 ikkje lenger kan brukast.

Ved årsskiftet 2017/2018 er det i Hordaland 3 TOO-team – eit på Stord tannklinikk, eit på Voss tannklinikk og eit på Frekhaug tannklinikk. På kompetansesenteret vårt i Årstadveien 19 gir i tillegg Senter for odontofobi (SFO) eit TOO-tilbod for Bergen og nærområda. Fylkestannlegen har beslutta at det i 2018 også vil bli etablert et TOO-team i Vest tannhelsedistrikt – truleg på Straume tannklinikk eller på Askøy tannklinikk.

TOO-teama skal bestå av psykolog, tannlege, tannpleiar og tannhelsesekretær. Dei som deltek i TOO-teama er alle vurdert som særs godt eigna for oppgåva. Alle har også hatt ei eiga opplæring som SFO har det faglege ansvar for. Det er eit krav at TOO-teama skal ha knytt psykolog til seg. For å ha rett til  angst- og tannbehandling innanfor TOO er det et krav at pasienten er vurdert av TOO-psykolog med tanke på dei tre inngangskriteria (tortur, overgrep, odontofobi). Personar med angst for tannbehandling må ha diagnosen odontofobi for å få dekka behandlinga hos et TOO-team. Odontofobidiagnose stilt av andre enn TOO-psykolog utløyser ikkje rettar innan TOO. Personar som har vore utsett for overgrep eller tortur og av den grunn har behov for tannbehandling kan også tilvisast eit TOO-team.

Det er TOO-psykologen som er ansvarleg for angstbehandlinga som TOO-teamet utfører.   Tannhelsetenesta i Hordaland har tilsett 2 psykologar i fulle stillingar. Dei har begge sin hovudarbeidsplass på SFO, og ambulerer ut til TOO-teama etter fast oppsette planar. Psykologressursen vil i løpet av kort tid bli auka med utlysing av ny stilling.

Tannhelsetenesta er ikkje underlagt nokon ventelistegaranti. Fylkestannlegen ser likevel at det også for denne pasientgruppa kan vera uheldig å vente lenge når pasienten først er motivert til å starta angstbehandling. Det har både på SFO og for TOO-teama i periodar vore lang ventetid. Ventetida har auka grunna stor pågang etter årsskiftet. Fylkestannlegen har stort fokus på å gjera tiltak for å redusera ventetida.

Etter årsskiftet er det registrert ein markant auke i talet på tilvisingar frå private tannlegar til Senter for odontofobi. Dette er pasientar som i ulik grad har angst for tannbehandling. For tida er TOO-tilbodet organisert slik:

  • Dei tre TOO-teama i tannhelsetenesta og teama ved Senter for odontofobi har ulik ventetid. Fleire pasientar har blitt spurt om å reisa til TOO-tem ute i tannhelsedistrikta  for å få behandling.
  • For å koma inn under TOO-tilbodet og få dekka tannbehandlinga må pasienten ha diagnosen odontofobi, eller ha vore utsett for overgrep eller tortur. Det er TOO-psykolog som kan setta ein odontofobi-diagnose – ikkje tannhelsepersonell. Pasientar som blir tilvist frå eigen privat tannlege vil få time hos TOO-psykolog for vurdering om dei kvalifiserer for diagnosen odontofobi. Hvis ikkje blir pasienten tilvist tilbake til sin private tannlege.
  • Om pasienten har diagnosen odontofobi vil psykolog saman med tannhelsepersonell i TOO gi pasienten angstbehandling.
  • For å unngå lange ventelister før sjølve tannbehandlinga kan utførast vil vedkomande sin faste tannlege etter gjennomført angstbehandling kunne utarbeide eit behandlingsforslag og eit kostnadsoverslag. Behandlingsforslaget og kostnadsoverslaget må bygga på Helsedirektoratet sin rettleiar om «God klinisk praksis» og det må brukast fylkeskommunale takstar. Behandlingsforslaget må sendast til leiar på TkVest/Hordaland for godkjenning.
  • Når behandlingsforslaget er godkjent vurderer fylkestannlegen det som ein godkjent avtale om behandling av enkeltpasientar. Pasienten sin private tannlege kan utføra naudsynt tannbehandling og senda faktura til fylkestannlegen for utbetaling.

For å redusera ventelistene hos rehabiliteringsteam kan fylkestannlegen inngå avtale med private tannlegar om behandling av pasientar som har krav på å få dekka behandling av offentlege midlar. Dette er regulert i Lov om tannhelse kap 4 – § 4-1 og § 4-2. Lova stiller visse formalitetskrav:

  • Det må vera ein skriftleg avtale
  • Det skal gjerast kjent – til dømes annonserast – at fylkestannlegen vil inngå slike avtalar slik at alle som ønskjer kan melde seg
  • Fylkestannlegen avgjer kven det skal inngås avtale med

Fylkestannlegen vurderer nå nøye behovet for slikt kjøp av tenester for tannbehandling av TOO-pasientar etter fullført angstbehandling. Avtalen vil eventuelt omfatta TOO-pasientar som ikkje er tilvist frå sin eigen private tannlege. Det kan vera aktuelt å inngå avtale med nokre få tannlegar i ulike bydelar som har interesse for å gi tannbehandling til denne pasientgruppa. Dette vil eventuelt bli kunngjort.

Fylkestannlegen vurderer TOO-tilbodet som eit godt og nødvendig tilbod til ei utsett gruppe. TOO-teama i tannhelsetenesta i Hordaland er særs engasjerte fagpersonar som gir eit godt tannhelsetilbod til pasientar med eit stort behandlingsbehov. Fylkestannlegen vil framover nøye vurdera om det er behov for å auka kapasiteten på tilbodet.

 

Arne Åsan

Fylkestannlege i Hordaland